Tidekverv_ FB header_1920x1080.jpg

TIDEKVERV

Sardinen USF
Lørdag 8. september kl. 19.30 // kr 200/150


Tidekverv er eit nytt folkemusikkverk komponert av Berit Opheim og Benedicte Maurseth. Med Berit Opheim, song, perkusjon / Benedicte Maurseth, hardingfele, song / Rolf Lislevand,lutt, el-gitar / Håkon Mørch Stene, vibrafon, perkusjon, elektronikk. Les mer >>

Billettsalg ved inngangen og i forsalg her >>

 

Tidligere konserter i Vrengserien:

hamre-mori.jpg

IKUE MORI og KNUT HAMRE

I Visningsrommet USF
12. oktober 2017 // kl. 19.00 // kr 150/100

Første konsertkveld blir det én del med den legendariske norske spelemannen Knut Hamre på hardingfele, deretter den New York-baserte impro. og støypionéren Ikue Mori fra Japan på diverse elektronikk.

Billettsal ved inngangen og i forsalg her >>

 
reolo-450x300.jpg

REOLÔ

I Studio USF
12. desember 2017 // kl. 19.00 // kr 150/100


Tingingsverket verket frå Hilme-stemnet er tradisjon i ny drakt, nykomponerte slåttar og streif innom både Vest-Afrika og India på vegen gjennom norske dalføre. To særs spennande og nyskapande duoar; brørne Hans & Rasmus Kjorstad og Røine/Hulbækmo står bak verket Reolô.

Billettsal ved inngangen og i forsalg her >>
 

 
slagr-450x300.jpg

SLAGR

I Studio USF
8. februar 2018 // kl. 19.00 // kr 150/100

Slagr gir oss dronete og seindregen musikk i og eit lydunivers med fargar frå middelaldermusikk, tradisjonsmusikk og vår eiga samtid. Lydbilete er grenseløst med cello, hardingfele og vibrafon som både kontrasterer og kompletterer kvarandre. Med Anne Hytta, Amund Sveen og Katrine Schiøtt.

Billettsal ved inngangen og i forsalg her >>
 

 
NyhusVida 450x300.jpg

INGFRID B.NYHUS og ANDRÉ VIDA

I Visningsrommet USF
17. april 2018 // kl. 19.00 // kr 150/100

Nyhus med sitt slåttepiano tek oss med til djupnen av folkemusikkarva, med feleslåttar omarbeidd for klaver - spelt med eit stort overskot og eiegenart som ber preg av å ha vekse opp tett på slåttematerialet. Amerikanske Vida er komponist og saksofonist, kjent for uortodokse arrangement og samples, og partitur for ein ny tid.

Billettsal ved inngangen og i forsalg her >>

Vreng logo svart transparent.png
 

Konsertserien VRENG fører folkemusikkbaserte musikarar saman i nye settingar, i kombinasjon med konstrasterende uttrykk frå eksperimentell musikk.
Del 1 av serien går frå oktober 2017 til april 2018.
Konsertane skjer i intime lokal - anten i kunstgalleriet Visningsrommet USF eller i blackboxscena Studio USF.
Billettar blir selt online på Ticketmaster.no eller ved inngangen, NB: KUN kortbetaling.
Me oppfordrar til å kjøpe online. Medlemmar av nyMusikk får rabatt.

Spillested: USF Verftet // Georgernes Verft 12, Bergen // @usfverftet

VRENG er eit samarbeid mellom nyMusikk Bergen og USF Verftet. Støtta av Norsk Kulturråd.

Vil du ta kontakt med oss? Send e-post til USF eller til nyMusikk Bergen