Vreng presenterer:
TIDEKVERV av Benedicte Maurseth og Berit Opheim

Verket er arrangert i samarbeid med Rolf Lislevand og Håkon Stene. Med tekster av Bergsveinn Birgisson og Erlend Nødtvedt.


Sardinen USF
Lørdag 8. september kl. 19.30
Billetter kr 200 ordinær pris / kr 150 for medlemmer i Ny Musikk og Colombi Egg

 

NB: Lenke til billetter kommer snart

Tidekverv er eit nytt folkemusikkverk komponert av Berit Opheim og Benedicte Maurseth, tileigna dei fire viktigaste datoane for jamdøgn og solkverv i året: vårjamdøgn, sommarsolkverv, haustjamdøgn og vintersolkverv.

Tidekverv er etter ein idé av Benedicte Maurseth, inspirert av Draumkvedet, både som diktform, men også som eit slags musikalsk ritual, då balladen hovudsakeleg vert framført 13. dag jol kvart år. Ynskje med Tidekverv er såleis å hylla ei eldre diktform med ny folkemusikk, og framføra musikken berre i periodane for solsnu.

Verket inneheld lydarspel, gangarar, springarar og fire nye balladetekstar tileigna det mest essensielle i liva våre - sola, og dei ulike årstider den oss gjev. Balladane er skrivne av diktarane, Bergsveinn Birgisson og Erlend Nødtvedt, og skildrar alt som mognar og gror, at ein «vil elska, syngja, tru», sommarnåden, grøda, og til slutt det stigande mørkeret, som endar med omkvedet «Eg takkar deg Gud at sola snur, uansett på kva ein trur».

Musikken er arrangert i samarbeid med musikarane, Rolf Lislevand og Håkon Stene, og gjev verket fargar og impulsar frå både barokk, samtidsmusikk og meir fri improvisert musikk.

Tidekverv vart uroppført vårjamdøgn under Oslo Internasjonale Kirkemusikkfestival i 2017, og har sidan vitja ei rekkje konsertstader kring landet i tida for solsnu.

August 2018 vert CD-utgjevinga «Tidekverv» lansert på Heilo / Grappa Musikkforlag.

Tidekverv_cover.jpg

Plateslepp-turné 2018:
7. september, Aasentunet /Ørsta
8. september, Ny Musikk Bergen / Columbi Egg /USF Verftet
9. september, Ulvik Poesifestival / Ulvik.
30. september, Festival Musica Devina, Belgia

>> Tilbake til forsiden


Vreng logo svart transparent.png

Konsertserien VRENG fører folkemusikkbaserte musikere sammen i nye settinger i kombinasjon med
konstrasterende uttrykk fra eksperimentell musikk.
Del 1 av serien startet høsten 2017.
Konsertene skjer i intime lokaler - enten i kunstgalleriet Visningsrommet USF eller i blackboxscenen Studio USF.
Billetter selges online på Ticketmaster.no eller ved inngangen, NB: KUN kortbetaling.
Vi oppfordrer til å kjøpe online. Medlemmer av nyMusikk får rabatt.

Spillested: USF Verftet // Georgernes Verft 12, Bergen // @usfverftet

VRENG er etsamarbeid mellom nyMusikk Bergen og USF Verftet. Støttet av Norsk Kulturråd.

Vil du ta kontakt med oss? Send e-post til USF eller til nyMusikk Bergen